Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Planar under arbeid. 

Djupetjønn hyttegrend

Detaljregulering for Djupetjønn hyttegrend - høyring

Planutvalet vedtok i møte den 26.06.2017 at detaljregulering for Djupetjønn hyttegrend (planid 201702) kunne leggast ut til høyring når planen vart endra på nokre punkt.

Planutvalet sitt vedtak er no innarbeidd i planen. 

 

Otrosåsen

Offentleg ettersyn – utbyggingsavtale: Otrosåsen hyttefelt

I medhald av plan- og bygningslova sin § 64-c vert framlegg til utbyggingsavtale mellom Bykle kommune og AS Sætersdalen for reguleringsplan Otrosåsen hyttefelt del av gnr. 2 bnr. 2 lagt ut til ålment ettersyn med 30 dagars frist for merknader.

 

Bilde

1. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for Hartesyni Bustadfelt

1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring av detaljregulering for Hartesyni Bustadfelt 

Planutvalet i Bykle kommune vedtok 06.02.17 med heimel i PBL § 12-3, 12-10 og 12-11 å legge detaljregulering for Hartesyni Bustadfelt ut til høyring og offentleg ettersyn.   Planforslaget leggas ut på høyring og offentleg ettersyn med frist for innspel 01.04.17.

Fjellstoge

1. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for Hovden Fjellstoge

1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring av detaljregulering for Hovden Fjellstoge

Planutvalet i Bykle kommune vedtok 06.02.17 med heimel i PBL § 12-3, 12-10 og 12-11 å legge detaljregulering for Hovden Fjellstoge ut til høyring og offentleg ettersyn. Planforslaget leggas ut på høyring og offentleg ettersyn med frist for innspel 01.04.17.

 

Hagemo

1. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for Hagemo

1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring av detaljregulering for Hagemo hytteområde   

Planutvalet i Bykle kommune vedtok 16.01.17 med heimel i PBL § 12-3, 12-10 og 12-11 å legge detaljregulering for Hagemo hytteområde ut til høyring og offentleg ettersyn. 

Planforslaget leggas ut på høyring og offentleg ettersyn med frist for innspel 13.03.17.

Hovden sentrum - bilde

Hovden sentrum: Melding om vedtak

2. gongs handsaming og endeleg vedtak av områdeplan Hovden sentrum.

Kommunestyret i Bykle vedtok den 17.11.2016 områdeplan for Hovden sentrum.