Kulturhusa og biblioteka i kommunen har ikkje lenger fasttelefon. Du når dei på mobil:
Bykle samfunnshus og bibliotek: 476 85 262
Hovden grendehus og bibliotek: 902 16 856
Dei største brukarane er Bykle barne- og ungdomsskule, Bykle idrettslag, Bykle kulturskule, SFO, Bykle barnehage og andre frivillige lag. Næringslivet er også ein viktig aktør, i samband med arrangement og selskap når dei treng ekstra plass. I tillegg er det ei stor gruppe privatpersonar som brukar treningsfasilitetar og øvrige tilbod på samfunnshuset.
Nedst finn du ei oversikt over kva som er tilgjengeleg av utstyr når det gjeld AV, lyd og lys på grendehusa våre i Bykle og på Hovden.
ORDINÆRE OPNINGSTIDER:
Måndag | 10.00 - 17.00 |
Onsdag | 14.00 - 19.00* |
Torsdag | 10.00 - 17.00 |
Tysdag og Fredag | Stengt |
Stengt veke 27-31 i juli/august
Stengt veke 52
Meiropent bibliotek
Biblioteket i Bykle er meiropent. Det vil sei at ein kan bruke biblioteket utanom opningstid, alle dagar mellom kl. 7 og kl. 23. Personar over 16 år kan inngå avtale.
Skulebibliotek, kulturskule, skule og SFO brukar samfunnshuset på dagtid.