Bykle kulturskule er eit kommunalt tilbod til barn og ungdom frå 0-19 år som ynskjer opplæring i musikk og andre kunst- og kulturuttrykk. Kulturskulen underviser både individuelt og i grupper.

Kulturskulen ynskjer å vere ein ressurs for både skuleverket og kulturlivet i arbeid med å gje opplæring i, og å fremje forståing og interesse for kunst og kultur i lokalmiljøet. Aktivitet og samarbeid gjennom året retta mot skule, barnhage, heimen, kyrkja, og andre kulturarrangement er med på å gjere Bykle kulturskule til eit vitig kultur- og ressurssenter i Bykle kommune.

Bykle kulturskule er ein del av kultur og fritid som består av fleire tilsette på ulike avdelingar som bibliotek, ungdomsarbeid, kulturhus med diverse tilbod og arrangement. Kulturskulen har tre lærarar i fast stilling i tillegg til tenesteleiar for kultur og fritid som også er rektor for kulturskulen.

I tillegg til faste tilbod i kulturskulen vert det arrangert andre kunsttilbod i form av workshops og prosjektbaserte tilbod gjennom året.
 

Kulturskuletilbod

Folkemusikk: "Setesdalsfolk" kjem med spennande tilbod til hausten i  samarbeid med kulturskulane. Den immaterielle kulturtradisjon frå Setesdal fekk UNESCO status i 2019. Nå skal det gjerast ein innsats for å få fleire utøvarar i dalen til å ta del i den viktige kulturarven. Nye lærarkrefter er på veg , vi ser fram til dette i Bykle kulturskule frå hausten 2021. Er du interessert i å lære fele, munnharpe, kveding (song) eller tradisjonsdans. For påmelding eller spørsmål, kontakt: helga.jacobsen@bykle.kommune.no 

Band: Spelar du eit instrument eller syng, og ynskjer å vere i band, melder du di interesse til kulturskulen. Bykle kulturskule har tilbod om undervisning, og bandlokaler i kjellaren på Hovden grendehus og bandbinge i Bykle, som også kan nyttast til eiga øving.

Korps: Frå 4. trinn. Nye medlemmer blir tatt opp kvar haust. Bykle musikkorps eig instrument og uniformer. Bykle kulturskule held dirigent. Medlemmene øver i bygda dei bur.  Vi anbefaler sterkt at alle nye medlemmer går igjennom minimum 2 år med individuell opplæring ved sida av korpsmedlemskap. Dette er nødvendig for å få basiskunnskap. Desse timane erstattar ikkje behovet for eiga øving.

Individuell undervisning: Slagverk, Gitar, bass, piano, song, tverrfløyte.

Tilrettelagt undervisning:  Individuell tilrettelagt undervisning for barn og unge med ulike behov. Ta kontakt for informasjon.

Barnekor: Soknerådet har to kor: Fjellgardane barnekor for dei som bur på Hovden og Bykle barnekor for dei som bur i Bykle. Dei to kora opptrer mykje saman i løpet av året både i kyrkja og i regi av kulturskulen. Dei får vere med på kosekveldar og tur saman også. Kora blir drive av Soknerådet, men har dirigent frå kulturskulen.

Bykle Songlag: Eit tilbod til vaksne  for å oppleve songglede og utvikle songferdigheit i godt lag. Koret deltar aktivt i kulturlivet. Kontakt: Pavlina Sikjova tlf. 95 15 49 89
 

Noen av våre faste arrangement elevene i kulturskulen kan delta på:

Haust

  • Julekonsert i Bykle kyrkje
  • Julekonsert på Heimen
  • Adventsfest
  • Bygdekveld

Vår

  • UKM samarbeid mellom Valle og Bykle
  • 17.mai
  • Kulturskulens sommarkonsert
     

Trykk HER for å søke tilbod i kulturskulen.

Søknadsfristen:  15. mai.