Psykisk helse og rus yter tenester i Valle og Bykle. Tenesta er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit. Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområda i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett.
Koronatiltak: Under pandemien vert samtaler og møte primært gjennomført over telefon og video.
Sjølvhjelp:
Mange kan ha god nytte av sjølvhjelpsprogram for vanskar som søvn, depresjon, dårleg sjølvbilete, angst, stress og bekymring.
Assistert selvhjelp - Ta kontakt med ein av dei tilsette for tilgang. Sjå eigen informasjon om det praktiske og personvern kring tilbodet.
Selvhjelpskurs ved psykiske plager - NHI.no
Selvhjelpsressurs - ifightdepression
Nokre er gratis og andre kostar noko, vel det som du får inntrykk av at kan passe for deg.
Helsefremmande program for gravide
Individretta tilbod:
Målgruppe:
Barn, unge og vaksne med psykiske vanskar eller lidingar, samt rusproblem.
Rammer:
Hovudsakleg korttidstilbod på inntil 8 samtalar i året, men det vil vere individuell vurdering.
Tilvising:
Det er tilrådd å ta kontakt med fastlegen for tilvising til oss, men det er også mogleg å ta dirkete kontakt, sjå kontaktinformasjon lenger ned. Alle kommunale hjelpeinstansar kan tilvise til oss. Når det gjeld barn og unge under 16år, må båe foreldra gje samtykkje.
Private tilbod:
Ein kan finne andre behandlingstilbod hos private aktørar, mange har internettkonsultasjonar som moglegheit. Pris varierer.
Systemretta tilbod:
Målgruppe:
Andre kommunale instansar, lokalmiljøet og innbyggarane
Bestilling:
Ved ynskje om systemretta tilbod, sendast ein skriftleg førespurnad til Psykisk helse og rus. Teamet vil ta stilling til førespurnaden og gje tilbakemelding.