Dersom ein skal etablere verksemd med servering av mat, selge eller skjenke alkohol, er det obligatoriske kunnskapsprøver ein må bestå, før ein søkjer om løyve.

Den som kan få sals- eller skjenkeløyve må oppfylle følgjande krav:

  • Føretaket skal vere registrert i Brønnøysundregistra.
  • Uklandereg vandel i følgje politi, skatte- og avgiftsmynda gjeld for løyvehavar, eigar og andre personar med vesentleg innverknad på drifta.
  • Styrar og vikar for styrar skal ha uklanderleg vandel.
  • Styrar og vikar for styrar skal ha avlagt kunnskapsprøve etter alkohollova.
  • Serveringsløyve er grunnlag for å få tildelt skjenkeløyve.                                                                                                                                                                                   

Søknaden 

  • Søknaden må leverast på eige skjema.
  • Driftskonsept, alkohollova og alokoholpolitiske retningsliner for Bykle kommune vert lagt til grunn for vurderinga.
  • Søknaden vert sendt politiet og skatte- og avgiftsmyndighetene for uttale.

Desse vedlegga skal følgje søknaden: 

  • Firmaattest for alle selskap som er involverte i drifta av skjenkestaden
  • Skatteattest for søkjar, eigar og andre med vesentleg innverknad over verksemda.
  • Målsett teikning over skjenkearealet, ute og inne. Barar skal vere markert på teikninga.
  • Dokumentasjon på at styrar og vikar for styrar er tilsette i verksemda.
  • Dokumentasjon på styrar og vikar for styrar sin kunnskap om alkohollova.

Løyveperiode
Skjenkeløyvet gjeld for 4 år, ein kommunestyreperiode, om ikkje anna vedtak er gjort gjeldande.

Søknad om skjenkeløyve i enkeltståande høve / ambulerande.

Søknad om skjenke og/eller serveringsløyve

Søknad om salsløyve

Interkommunale alkoholpolitiske retningsliner for kommunane i Setesdal 2020-2023

Skjema for omsetningsoppgave for alkohol