Svar på test:

Testar du positivt for koronavirus, vert du ringt opp av kommunen sitt smittesporingsteam.

Dersom testen er negativ (det vil seie at du ikkje er smitta) ringer kommunen ikkje. Då finn du svar på testen på helsenorge.no. 1-4 dagar etter at du tok testen. Vanlegvis får du svar innan 3 dagar. Men tida det tek å analysere prøvane varierer noko etter kor mange som har teke prøve. Pågangen varierer veldig. Derfor kan det ta opp til 3-4 dagar før resultatet er klart.
Har du barn under 16 år som har teke testen, finn du prøvesvaret dykkar på helsenorge.no.
Dersom du ikkje kan logge inn på helsenorge.no., kontakt fastlegen for å få prøvesvar.

Når skal lege bli kontakta:

Ta kontakt med fastlegen din via telefon dersom du kjenner deg så sjuk at du treng legehjelp.

Ring legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du treng hjelp som ikkje kan vente til neste dag.