Bykle kommunes ungdomsklubb «Shadow»
For ungdom på ungdomsskolen og VGS (8. - 12. trinn).
Klubben er registrert som frivillig organisasjon og drives av kommunalt tilsett ungdomsarbeidar i 100% stilling og frivillige foreldre.
Ungdommens kulturmønstring Bykle og Valle (UKM)
Ungdomsarbeidaren er kommunerepresentant i UKM-samarbeidet i Aust-Agder og arrangør av lokalmønstringa. UKM er Noregs største nasjonale satsing på ungdomskultur. All ungdom mellom 13 og 20 år kan deltake på UKM. Ein melder seg sjølv på via internett:
Bykle ungdomsråd er ei gruppe ungdommar som representerar ungdom der dei bur, det vil sei i kommunen eller fylkeskommunen. Ungdomsrådet skal få uttrykke si meining om alt som angår dei.
Barn og unge sin representant i plansaker skal syte for at det blir tatt omsyn til barn og unge i høve til deira behov, i kommunen, etter Plan- og bygningsloven og Rikspolitiske retningslinjer (RPR BU) for å styrke barn og unge sine interesser i plansaker.