Utdanningsstipend

Lærlingar kan og søkje stipend for 1. året av kontraktstida på 2 år.  Stipendet blir annonsera i starten av kvart skulehalvår og har søknadsfrist:

1. oktober og 1. februar.  Søknadsskjema

Legat etter Gyro og Knut Hovden

Elevar som er registrerte i Bykle, Valle og Bygland folkeregister som tek vidaregåande eller yrkesretta utdanning, kan søkje om legat.  Søkjarar som kan dokumentere slektskap inntil 3. ledd har førsteretten. Dersom ikkje, blir det loddtrekking. 

Legatet blir annonsera på slutten av skuleåret og med søknadsfrist 1. mai.

Vedtekter for tildeling av kommunalt stipend

Gjeldande frå 01.02.20.

1. Målgruppe.
Ungdom og vaksne frå Bykle kommune som tek fulltidsstudie på vidaregåande-, høgskule eller yrkesretta utdanning. Det vert ikkje tildelt stipend til søkjarar som får dekka utgifter til studiet frå arbeidsgjevar.

2. Krav til søkjaren.
Søkjar må vere folkeregistrert i Bykle.

3. Lærlingar.
Elevar som har fått 2 års lærekontrakt får utbetalt stipend første året av kontraktstida. Lærlingar får utvida søknadsfrist dersom dei ikkje har fått teikna lærekontrakt før skulestart.

4. Søknadsskjema.
Elektronisk søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside.

5. Søknadsfrist.
Søknadsfristen er sett til 1. oktober og 1. februar. Kunngjeringa skjer i Byklaren, på kommunen si heimeside og på kommunen si facebookside.

6. Utbetaling.
Utbetaling skjer fortløpande etter at søknadene er mottekne og innvilga.

7. Tvil.
Dersom det er tvil i samband med tildeling av stipend eller klage på avslag, skal saka leggjast fram for formannskapet som klageorgan for avgjerd.

Vedteke i formannskapssak PS 9/20 14.01.20