Bykle kommune syner til utsendt brev til fleire grunneigarar i Bykle i går, 08.09.20. Administrasjonen har fått i oppdrag å arbeide med oppfølging av buplikt i dei kommunalt utvikla byggefelt. Brevet  som er sendt ut var med bakgrunn i dette arbeidet. Det viser seg at Bykle kommune ikkje har motteke korrekte opplysningar frå folkeregisteret. Difor fekk ein del med postboks og lang fartstid som innbyggjarer her dette brevet. Vi legg oss flate og ber om orsaking for at brev og vart sendt til nokre fastbuande i kommunen. Det er viktig at de som har motteke brev gir tilbakemelding til kommunen til postmottak@bykle.kommune.no eller eventuelt tek kontakt med sakshandsamar på telefon slik at vi får retta opp registra våre. Saka som er registrert vil da bli avslutta.